GRATISKONSERT.

Elin Furubotn.
Elin Furubotn har lang fartstid som vokalist, gitarist, tekstforfattar og komponist og har på sine fem album sunge seg inn i mange hjarter med kvardagsromantiske tekstar på dialekt. Hennar særeigne stemme er ein fryd å lytta til, hennar klangfulle komposisjonar lette å få på hjernen.

Tekstane er ofte prega av kvardagssituasjonar med underfundige betraktningar ispedd humor og alvor. Ho syng om alt frå si barnlege og leikne mormor som vart 100 år, til tenåringsonen som nektar mora å spele Karpe Diem på hennar eigen bursdag. 

Songen ”I det stille” har fått mykje speletid på NRK P1 dei siste åra. Ho har turnert i inn- og utland og songane har òg blitt spilt på europeiske radiostasjonar.
I tillegg til å vere ein allsidig og kreativ singer/songwriter, meistrer Elin kunsten å skapa den gode og umiddelbare dialogen med publikum, og utstråler ekte glede over å få formidle songane sine.

Musikken, som ho stort sett skapar på sin nylonstrenggitar, er ei samansmelting av viser, pop, litt rock og jazz med snert i.
Hennar sjette album har fått tittelen ”Å nærme seg det nære”. På planta medverkar sytten musikarar frå Stavanger Symfoniorkester. Morten Abel bidreg på duetten ”Så lett det kan ver”, som leikande understreker tittelen med ein fengande melodi. Albumet består av tre songar frå tidlegare album, i tillegg til syv nye.

Møt og høyr Elin: 
Tyst, Røldal // fredag kl. 20.00 - konsert

Hardanger hotel // laurdag kl. 15.00 - konsert og samtale om skapande prosesser, med Lage Thune Myrberget.


Arrangementa er eit samarbeid med NOPA, under vignetten Tekst som blir musikk. 

Dato og tid

laurdag 10. oktober kl. 15:00
GRATISKONSERT.

Katalog 2018

 

Katalog 2018