DU SER DET IKKJE FØR DU TRUR DET.

Inga Marte Thorkildsen i samtale med Hilde Danielsen.
Møt Inga Marte Thorkildsen, forfattar av boka Du ser det ikke før du tror det, i samtale med Hilde Danielsen.

Vald og overgrep mot barn skjer heile tida, overalt, i alle kommunar i Noreg. Dette er opphav til ei rekkje helseproblem: fattigdom, rus, såkalla åtferdsproblem, sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Kvifor gjer vi ikkje meir for å hindre vald og overgrep mot barn? Fordi vi ikkje vil tru at det skjer. «Ikkje han som er så grei og som alltid stiller opp for idrettslaget!». Og når vi ikkje trur det, ser vi det heller ikkje.

Inga Marte Thorkildsen har dokumentert omfanget i boka som kallast eit kampskrift for barna sine rettar. Thorkildsen tek eit sviande oppgjer med tabukulturen og diagnosesamfunnet.

            ”Vi må fjerne tabuene og få kunnskap inn i  
            utdanningssystemene på alle nivå.  Først når tror på
            det som faktisk skjer med mange barn i Norge i dag, kan vi     
             hjelpe og sikre barna det gjelder og hindre nye tilfeller.”


Inga Marte Thorkildsen er tidlegare statsråd i Barne – Likestillings – og Inkluderingsdepartementet (2012-2013). født 1976 i Oslo. Ho har vore Stortingsrepresentant for Vestfold fra 2001-2013, og nestleiar i SV frå 2012.  Thorkildsen er knytt til  kompetansenettverket Barns Beste og jobbar nå i den ideelle stiftelsen Forandringsfabrikken.

Dato og tid

fredag 09. oktober kl. 12:00

Medverkande

DU SER DET IKKJE FØR DU TRUR DET.

Katalog 2018

 

Katalog 2018