ALT INKLUDERT.

Bokprat med Marit Eikemo v/ Kaja Schjerven Mollerin.
Bokprat med Marit Eikemo. 

I Marit Eikemo si nye bok Alt inkludert møter vi eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor. Eikemo sitt blikk på samtida er skarpt og relevant, utan å vere moraliserande.

Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja på seks år inn i eit hybelhus i eit vanleg norsk nabolag, utan nettverk, vener eller møblar. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på FINN.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng. Eit fellesskap oppstår med menneska i huset, gata og nærområdet, og til å begynne med manøvrerer Agnes greitt gjennom dagane. Men når pengane minkar, løgnene blir fleire og skulestart nærmar seg, blir omgangen stadig meir utfordrande. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, av utanforskap og fellesskap, og av korleis ein lever nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Alt inkludert er hennar fjerde roman. Møt Marit Eikemo på heimebane, i samtale med Kaja Schjerven Mollerin.

Dato og tid

laurdag 10. oktober kl. 14:00

Medverkande

ALT INKLUDERT.

Katalog 2018

 

Katalog 2018