LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Gjennom sorga

Brit Bildøen, Helga Flatland og Sigrun Slapgard i samtale. Ordstyrar: Anne Oterholm.
Brit Bildøen, Sigrun Slapgard og Helga Flatland skriv i sine siste bøker nært om sorga, over noko og nokon som er borte. Dei skriv om den kollektive og den individuelle sorga, og om korleis leve vidare når noko er øydelagd. Korleis leve i lag? Kor lenge her det rom for å vera eit sørgande menneske, når dei andre går vidare?  

Vi har invitert dei tre til ein samtale om sorg, med ordstyrar Anne Oterholm.

Helga Flatland skriv i sin kritikarrosa triologi (som består av bøkene Bli hvis du kan. Reis hvis du må, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake og Det finnes ingen helhet) om dei som vart igjen, etter at tre unge gutar mista livet på oppdrag i Afghanistan. Gjennom portrett av familiemedlemer, vener og bygdafolk skriv ho om både den kollektive og den individuelle sorga, ulike måtar å takle sorga på og korleis nokon av karakterane vert sitjande fast i sorga.

Sigrun Slapgard fekk Nynorsk litteraturpris 2013 for Englestien, ein sterk og vakker roman om barndom, familie, kjærleik og sorg og om å måtte sjå i auga det ein fryktar mest. Å ikkje tørre, men likevel å måtte ta farvel.

22. juli er bakteppe for Brit Bildøen sin nye roman, Sju dagar i august. Handlinga er lagt fram i tid, åtte år etter at Sofie mista dottera si i Utøya-massakren. Vi følgjer Sofie og mannen Otto gjennom ei veke i august. Kjærleiken dei i mellom har hjulpe dei gjennom sorgprosessen, men no slår det sprekker. Bildøen skriv om sorgarbeid, og om det nasjonale traumet i etterkant av 22. juli.

 

Venue

100,-

Dato og tid

laurdag 11. oktober kl. 14:00

Medverkande

Gjennom sorga