NATTSVØMMING

SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

BIKUBEGANG

LITTERÆR KRAFTSTASJON

BEDRIFTSBESØK

FOTBALLDEBATT

KLASSIKARSAMTALEN

HALLO ODDA!

FORFATTERBEVEGELSEN

ORD VI DELER

Fløgstad 70 år

Kjartan Fløgstad, Tom Egil Hverven, Kaja Schjerven Mollerin, Lars Ove Seljestad m.fl. Programvert: Marit Eikemo.
Kjartan Fløgstads forfattarskap står i ei særstilling i norsk litteratur. Gjennom både skjønnlitteratur og sakprosa har han som ingen andre skildra utviklinga av det moderne Norge, frå industrikultur, marknadsliberalisme og informasjonssamfunn. Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968, og har sidan skrive eit førtitals bøker innan dei fleste litterære sjangrar. Det lokale og det internasjonale går hand i hand gjennom heile Fløgstad sin forfattarskap.

Kjartan Fløgstad sto på plakaten på litteraturarrangementet "Ka e det med Odda?" i 2002, arrangementet som var kimen til Litteratursymposiet i Odda. Han har sidan vore ein fast gjest på Symposiet og assosiert odding. Vi har tatt han til oss som ein Oddaforfattar: hans Lovra er litt som Odda, slik Sauda er litt som Odda.

Når han fyller 70 år finn vi det heilt naturlig å invitere til feiring i Odda. 
 

Dato og tid

fredag 10. oktober kl. 13:00

Medverkande

Fløgstad 70 år

Katalog 2018

 

Katalog 2018