Den svarte viking

Bergsveinn Birgisson på Senioruniversitetet.
Soga om Geirmund Heljarskinn, Den svarte viking, starter i Rogaland i år 846 etter Kristus.���Her vert ein heilt spesiell kongesønn fødd. Han skulle bli «Den svarte vikingen» – den mektigaste landnåmsmannen på Island.

Vi veit at mora var frå Sibir, difor vart han fødd med asiatiske trekk. Han sto i spissen for ein internasjonal fangstøkonomi, og hadde fleire hundre kristne slavar frå Skottland og Irland under seg. Men vi veit nesten ingenting om Geirmund Heljarskinn, det finst inga saga om ham, og ettertida har freista gløyme ham. Kvifor?

1100 år seinare tek ein fjern slektning av Geirmund, forfattaren Bergsveinn Birgisson, tak i spørsmåla om korleis livet til Geirmund var og kvifor han måtte gløymast. Gamle fragment, moderne genetikk og informasjon henta på reiser til fjerne stader, er pusla saman til ei sjokkerande skildring av ei rå og poetisk fortid. Sjelden har vikingtida vore levendegjort på denne måten. Bergsveinn Birgisson vart med denne boka nominert til Brageprisen 2013 for beste sakprosabok.

Bergsveinn Birgisson er ein islandsk forfattar og doktor i norrøn filologi, busett i Bergen. Han disputerte i februar 2014 for dr.art.graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Inn i skaldens sinn. Kognitive, estetiske og historiske skatter i den norrøne skaldediktingen".

På Senioruniversitetet i Odda sitt oktobermøte skal han snakke om Den svarte viking og litt om dei islandske skaldane generelt.

Dato og tid

torsdag 09. oktober kl. 11:30

Medverkande

Den svarte viking

Katalog 2018

 

Katalog 2018