LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Bikubegang med Frode Grytten

Musikk ved Pedro Carmona-Alvarez
Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda fredag kl. 16.

Bikubegang er ei vandring i både det litterære og det konkrete Odda, med opplesingar og folkesnakk og historiske kuriosa. Byvandringa startar utanfor Murboligen, bustadblokka der alle hovudpersonane i romanen Bikubesong bur.

I løpet av turen tar Grytten oss til fleire stopp i Odda. Til frelsesarmeen, og den gamle platesjappa til Bessie. Han tar oss med til flytebrygga på kaia der partisekretæren frå Bikubesong ramlar i Sørfjorden straks han går ut av sjøflyet og endar opp med ein våt og uleselig 1.mai-tale. Når vi kjem til gatekrysset øvst i Gågata, fortel Grytten om slaget i Skrevet i 1931, då kommunistane og sosialdemokratane sine 1. Mai-tog brasa saman i eit gedigent masseslagsmål. Grytten fortel om dei legendariske snopedamene i den gamle snopebutikken i gåtata, og det blir musikalske innslag med Pedro Carmona-Alvarez  på kinotrappa.

Eg sit på taket og kjenner Murboligen leve under meg. Kvardagens akkordar svever ut vindauga. Kjørel, popsongar, fjernsynsapparat, krangling, stemmer. Det er ein ny dag, ein ny song, ein bikubesong. Alt er så nær at eg kan ta på det. Eg kan plukke ned flya frå himmelen, kaste sola opp i lufta, trille terningar med husa. Min vesle by. Min vesle by.
Frode Grytten (Bikubesong)

Venue

Gratis

Dato og tid

laurdag 12. oktober kl. 15.00

Sted

Odda sentrum

Medverkande

Bikubegang med Frode Grytten