Patti og eg

Pedro Carmona- Alvarez og Brit Bildøen i samtale om Patti Smith. Ordstyrar: Kaja Schjerven Mollerin.
Poeten, musikaren og kunstnaren Patti Smith har hatt kolossal innverknad på New Yorks punkrockscene med folk som Robert Mappelthorpe, Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs med fleire i omgangskrinsen.

Heilt sidan platedebuten Horses i 1975 har Patti Smith brukt rock og poesi i sitt arbeid. Den første prosaboka Just Kids kom i 2010 til svært god omtale i internasjonal presse. Boka er både eit unikt tidsdokument frå seint sekstital i New York, samtidig som det er ei varm og inderleg kjærleiksfortejing frå Smith til hennar elska ven Mappelthorpe. Boka er omsett til norsk ved Brit Bildøen.  

Møt Brit Bildøen, Pedro Carmona-Alvarez og Kaja Schjerven Mollerin i samtale om punkens gudmor.

Dato og tid

laurdag 13. oktober kl. 20:00

Medverkande

Patti og eg

Katalog 2018

 

Katalog 2018