Når ord fengslar.

Fagseminar om litteraturformidling med Sylvelin Vatle. Eit kurs med mykje latter, leik og moro, og ingen krav til forkunnskap
Bli med på kurs i litteraturformidling med forfattar Sylvelin Vatle. Sylvelin Vatle (f. 1957) kjem frå Osterøy og bur i Stavanger. Vatle debuterte med Alle kjenner vel presten? i 1991, ein roman ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive ei rekkje bøker for vaksne, barn og unge. I tillegg er ho mykje brukt som svært inspirerande kurshaldar i litteraturformidling og forteljarkunst.

Kurset er retta mot pedagogisk personale i barnehage, gunnskole og vidaregåande skole, bibliotekarar og andre som ynskjer å bli dyktigare i formidling og forteljing.

Dato og tid

onsdag 10. oktober kl. 10:00

Medverkande

Når ord fengslar.

Katalog 2018

 

Katalog 2018