Litterær kraftstasjon

Symposiets opningsforestilling. Frode Grytten, Cathrine Grøndahl m.fl. Musikk, taler og overraskinger.
Opninga av årets Litteratursymposium er som alltid ei storslått forestilling. I år byr vi på ingenting mindre enn ein urpremiere når Trond Espen Seim og Anne Rygg framfører Lars Ove Seljestads Fars tale i dialog med Kjartan Fløgstads Durdeis tale frå romanane Blind ogDalen Portland.

Cathrine Grøndahl vil framføre eit nyskrive essay på bestilling frå Litteratursymposiet. Grøndahl er poet og jurist og bistandsadvokat for dei etterlatne etter 22 juni. På opningsforestillinga reflekterer ho over årets tema, fengsla.

For første gong i Odda: UKON! Den svenske poeten og psykoanalytikaren, berømt for sine ekspressive opplesingar vil framføre eit av sine fengslande dikt på årets opningsforestilling.

Tyssedalkoret kjem alle mann alle til Lindehuset for å framføre klassikaren Vi bygger landet, og oddingen, den ferskaste av alle Frode Gryttens alter ego, har ikkje tenkt å halde seg unna rampelyset i år heller. Frode Grytten sjølv vil tre fram på scena i samspel med det meir enn lovande Oddabandet Jitney i den store finalen.

Vinnaren av årets Melsom-pris blir kunngjort på Litterær heilaften.

Det blir talar ved ordførar i Odda kommune, John Opdal, og Fylkesbibliotekar i Hordaland, Ruth Ørnholdt.


Onsdag klokka 19.00

Dato og tid

onsdag 10. oktober kl. 19:00

Medverkande

Litterær kraftstasjon

Katalog 2018

 

Katalog 2018