Litterær heilaften

Trude Marstein, Pedro Carmona-Alvarez, Lars Ove Seljestad, Kjartan Fløgstad. Konferansier: Frode Grytten. Bokprat med Vigdis Hjorth v/ Marit Eikemo.
Aktuelle norske romanforfattarar les frå ei rykande ferske bøkene sine i første del av kvelden. I andre del inviterer Marit Eikemo Vigdis Hjorth opp på scenen til bokprat om hennar siste roman, Leve Posthornet!Frode Grytten er kveldens konferansier

Kjartan Fløgstad I siste liten blir to smågutar evakuerte frå den tapande sida under den spanske borgarkrigen. Ein av dei hamnar i Sovjetsamveldet, den andre i Mexico. Same utgangspunkt, to ulike livsløp. Den eine fører gjennom Russland til Sibir og ned Jenisej til Norilsk ved kanten av Ishavet. Det andre inn mellom Mexicos snøkledde vulkanar. Kvar er dei i dag, to mannsaldrar seinare? Kven er forteljaren Kjell Kistefjell – og kva veit han om samfunnet vi vaknar til i morgon?  Kjartan Fløgstad sin siste roman, Nordaustpassasjen, er ein roman om livsvegar, sjøvegar og utvegar gjennom nye farvatn, når isen smeltar og det ideologiske klimaet skiftar.

Lars Ove Seljestad Eit voldsomt ras knuser huset og foreldra til guten som bur der. Attende står guten, som var i kjellaren då snøskredet gjekk. Han er aleine. Og han er like rasande som naturkreftene rundt. I sin siste roman Isberg skriv Lars Ove Seljestad om fallet til ein ung mann. Kulde og sinne heng saman i ei lyrisk skildring av naturkrefter i og utanfor menneska.

Pedro Carmona-Alvarez Og været skiftet og det ble sommer og så videre handlar om ein mann fra New Jersey og ei kvinne frå Oslo. Dei møtes i New York på slutten av femtitallet, blir forelska, giftar seg og flyttar til Asbury Park. Dei får to jenter som nokre år seinare dør i ei ulykke. Livet går i svart. I 1967 flytter dei  til Norge, og året etter får dei dotteren Marita. Dette er ein liten roman om dei store tinga – om kjærleik, tap, sakn og rotlause, om å leve i ei tragedie og vekse opp i dødens skuggar.

Trude Marstein Hjem til meg handlar om den notorisk utru legen Ove. Han er gift og har tre barn, han vil ikkje nokon noko vondt, men klarer ikkje la vere å by på seg sjølv. Han er utru når han er 33 og er framleis på kvinnejakt når han har passert 60. Han glir frå forhold til forhold, frå kvinne til kvinne, frå den gode, kloke, stabile Wenche til den kjenslevare skodespelaren Marion og vidare til fleire, og yngre, kvinner. Og kvar gong er det alvor. Kvar gong ser han muligheiter. Kvar gong trur han at ingen skal sitte forsmådde tilbake.

Vigdis Hjorth I sin siste roman skriv Vigdis Hjorth om ein kommunikasjonsrådjevar i trettiåra. Ho blir hyra inn av Postcom for å arbeide mot innføringa av EUs postdirektiv. Vi følgjer arbeidet hennar frå oktober 2010 til Aps landsmøte i april 2011 der direktivet – som det første av EUs direktiv – blir stemt ned. Romanen har eit sitat frå Søren Kierkegaard som motto, «Leve posthornet!». Det handlar om å forandre døde brev til levande, om å engasjere seg og finne inderlegheit i tilveret.

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 19:00

Medverkande

Litterær heilaften

Katalog 2018

 

Katalog 2018