Bokprat med Tom Egeland

ved Anne Oterholm
I Tom Egelands siste roman, Nostradamus testamente, er Bjørn Beltø tilbake!

Når ein italiensk professor med koder i middelaldermanuskript som spesiale blir kidnappa frå ein vitenskapeleg kongress i Firenze, blir arkeologen Bjørn Beltø og professorens hustru kasta ut i ein hesblesande jakt og flukt. Etter seg har dei den nådelause munkeorden Vicarius Filii Dei, amerikansk etterretning og eit fem hundre år gamalt brorskap av bibliotekarar. Sjølv må dei oppklare kodane i brev frå spåmannen Nostradamus til den mektige Medici-slekta i Firenze før kidnapparane gjør det - for å redde livet til professoren og hans tiårige sønn.

Bjørn Beltøs jakt på sanninga bak dei mystiske kodane bringer den nervesvake albinoen på sporet, ikkje bare av bibelens Paktens ark og det legendariske Biblioteket i Alexandria, men også ei oppsiktsvekkjande ny forståing av menneskets forestilling om Gud.

Møt Tom Egeland i samtale med Anne Oterholm,  om Nostradamus testamente og forfattarskapen hans forøvrig.

Dato og tid

torsdag 11. oktober kl. 19:00

Medverkande

Katalog 2018

 

Katalog 2018