Bokprat med Kjartan Fløgstad

v/ Frode Molven.
I Kjartan Fløgstads siste roman, Nordaustpassasjen,  blir to smågutar i siste liten evakuerte frå den tapande sida under den spanske borgarkrigen. Ein av dei hamnar i Sovjetsamveldet, den andre i Mexico. Same utgangspunkt, to ulike livsløp. Den eine fører gjennom Russland til Sibir og ned Jenisej til Norilsk ved kanten av Ishavet. Det andre inn mellom Mexicos snøkledde vulkanar. Kvar er dei i dag, to mannsaldrar seinare? Kven er forteljaren Kjell Kistefjell – og kva veit han om samfunnet vi vaknar til i morgon? Kjartan Fløgstad sin siste roman, Nordaustpassasjen, er ein roman om livsvegar, sjøvegar og utvegar gjennom nye farvatn, når isen smeltar og det ideologiske klimaet skiftar.

Møt Kjartan Fløgstad i samtale med Frode Molven, omNordaustpassasjen og forfattarskapen hans forøvrig.

Dato og tid

laurdag 13. oktober kl. 15:00

Medverkande

Bokprat med Kjartan Fløgstad

Katalog 2018

 

Katalog 2018