LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

KNUD KNUDSEN

Film, foredrag og refleksjonar om fotograf Knud Knudsen. Filmpremiere "Album". Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen.
I 2015 er det 100 år sidan fotografen Knud Knudsen frå Tokheim i Odda døydde. Knudsen reiste land og strand rundt i perioden 1868 - 1900 og dokumenterte landet med sine kamera.

Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen har arbeidd med å løfte Knud Knudsen fram frå fotohistoria. I jubileumsåret tek dei Knud Knudsen heim til Odda.

FILMPREMIERE: ALBUM - Å gjere fortida levande

Skule Eriksen har laga filmen Album om fotografia til Knud Knudsen. Filmen er forankra i fotografia frå heimegarden til Knud Knudsen i Odda.

Når ein opnar eit album ser ein eit utval bilete som nokon har plassert der med ei hensikt. Ofte har dei skrive ein liten tekst til bileta. Dette har vore inspirasjonen til filmen. Men film har fleire fortellarelement enn bilete og tekst. Den har òg musikk, lyd, utsnitt og kamerarørsle. Det er samansettinga av alle desse elementa som skapar filmforteljinga.

Skule Eriksen viser filmen Album og fortel om utfordringar og val i arbeidet med å skape ein levande filmfortelling av dei gamle fotografia til Knud Knudsen.

DEN USYNLIG FOTOGRAFEN

Det er bevart om lag 10.000 glasnegativ etter Knud Knudsen, men det finst berre ei handfull bilete av han sjølv. Er det likevel mogleg å danna seg eit inntrykk av kven han var, ved å gjere eit utval blant dei mange tusen fotografia?

Då Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen tok til på arbeidet med Knud Knudsen-samlinga, fekk dei vite at det ikkje finst skriftlege kjelder etter fotografen. Men på eit uthusloft på Tokheim fann dei ein bunke brev som ingen visste om. Dei fleste breva er frå Knud Knudsen til søstera Martha på Tokheim, og er skrivne på 1850-tallet. Breva gjorde at forfattarane byrja sjå på fotografia på ein annan måte. Kunne personane og plassane han omtala i breva finnast på bileta? Og på kva måte sto dei i samanheng med hans liv og virke?

Lisbeth Dreyer fortel om arbeidet med å synliggjere kven Knud Knudsen var gjennom fotografia han tok.

Pris

150,-

Dato og tid

10.10 kl. 18:00

Sted

Odda Kino

Medverkande

LISBETH DREYER
LISBETH DREYER
SKULE ERIKSEN
SKULE ERIKSEN