LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

#IKKJEETTERBOKA
AVHENGIG
BADENOVELLER
BEGJÆR I SOLNEDGANG
BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR
BIKUBEGANG
BOWIE-BEGJÆR
DET GRÅDIGE HJERTE
DET GRÅDIGE HJERTE
DRAUMEN OM DET FEILFRIE SPRÅKET
EIT ATTRÅVERDIG FORFATTARSKAP
EKKO, OVID OG ALGORITMANE
EKKO: EIT FOREDRAG OM ALGORITMAR OG BEGJÆR
ELEVKONSERT
ENDELEG
FILOSOFISK FRUKOST
FLØRT
FORNUFT OG FØLELSAR
FOTBALLDEBATTEN: SK BRANN
FOTBALLKAMP
FRÅ LEMMET TIL JERNPLOGEN
HALLO ODDA
HENNES HIVENDE, FNYSENDE FISK
KAMPEN OM SEKSUALMORALEN
KLASSIKARSAMTALEN: MARKI DE SADE
KONSERT: STIAN CARSTENSEN
KONSERT: ZEBRA DUO
KRIMINELT BEGJÆR
LENGSEL ETTER TILHØRIGHET
LESESTUND
LINE - EIT NORSK MORALSKRED
LITTERÆR KRAFTSTASJON
LITTERÆR LUNSJ: GUNNHILD ØYEHAUG
LITTERÆR LUNSJ: MARSTEINS POETIKK
LYDEN AV BEGJÆR
LYSTHUSET: BLEI DU KÅT NO
LYSTHUSET: FREDRIK HØYER
LYSTHUSET: SKEIV AFTEN
LYSTHUSET: SYMPOSION
MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET
MONO
MØT FREDRIK HAGEN
NATTERAPI
ODDA UNDERGRUNN
OM KRIM
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
SENTRALBADET LITTERATURHUS 10 ÅR
SENTRALBADET POESI
SENTRALBAR
SEX I BIBELEN
SEX OG KJÆRLEIK HOS MICHEL HOUELLEBECQ
SJAKK MATT
SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER
SLEPPFEST - TEAM TUVA
SLEPPFEST: LIVSLYST
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SMÅSYMP NABOEN MIN
SYMPOSIEUTSTILLINGA: Lars Korff Lofthus
U-BAR
VALD

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Katalog 2020

forside%20katalog2020

LITTERÆR HEILAFTEN

Festkveld med opplesing frå og bokprat om årets beste nye bøker:
Margunn Vikingstad er vertinne for årets litterære heilaften, med bokpreik med forfattarane av årets beste bøker.  

Marit Eikemo - Gratis og uforpliktande verdivurdering
Anne Oterholm - Løgnhals
Vigdis Hjorth - Lærerinnens sang

I Marit Eikemo sin roman av året møter vi Hanne, som er lei av å sjå dei vellykka vennene frå studietida bu i villa med hage, mens ho sjølv går på veggane i den same gamle leilegheita, med mann og to små barn. Men no har draumehuset dukka opp. Vi følgjer Hanne og Andreas dei siste dagane før bodrunden. Mens dei går gjennom prospektet, rom for rom, blir også deira eige samliv kartlagt, og fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet og livet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei? Gratis og uforpliktande verdivurdering er ein underhaldande og overraskande roman om draumen om det perfekte liv.


Anne Oterholm kjem  med den rykande ferske romanen Løgnhals:

Uansett hva som skjer, gjør jeg alltid det jeg har lyst til. Det er bestandig sånn. En er bare nødt til å vite hva en vil. Ikke begynne å luske rundt i livet som en skygge. Ha energi. En vilje til å gjennomføre.
             Men uten å stresse.
              Jeg er faen ikke en som stresser.


Oliver er 24, han har arva leilegheit og pengar etter mora, som er død, og han reiser til Villefranche medan eks-kjærasten Emma Sofie les til eksamen i leilegheita hans. På stranda møter han Lucy, som arbeider i klesbutikk. Men han kunne like gjerne møtt ei anna, kven som helst. Dei avtaler ein date allereie dagen etter. Oliver har ikkje behov for å ta det med ro. Når han er i Oslo, jobbar han i databutikk. Han et lite eller ingenting, tek seg ein øl, speler dataspel. Let seg drive rundt. Her og der kan han sitje og betrakte folk, gjerne damer. Er det nokon gong sant det han seier? I Oliver si tvilsame utforsking av tilværet piplar det fram eit sterkt ubehag.

I Lærerinnens sang skriv Vigdis Hjorth om å bli grundig rokka i sjølvforståinga si: Lotte Bøk underviser på Kunsthøgskolen i Oslo. Ho er glødande oppteken av Brecht sin dramatikk, som ho formidlar med stor innleving til studentane på skodespelarlinja. Ein dag ber avgangseleven Tage Bast om å få filme undervisninga til nokre av lærarane, men òg livet deira utanfor skulen. Han vil gjerne kome heim til dei, for å finne ut om det er samsvar mellom liv og lære. Kva skjer når ein opplever seg valdsamt eksponert? Når ein sit i salen og får se seg sjølv, med ein annan sitt nådelause blikk?
 

Venue

250

Dato og tid

torsdag 11. oktober kl. 19:00

Medverkande

LITTERÆR HEILAFTEN

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Podcast