LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

GJENNOM SORGA GÅR EIN SONG

Songar, dikt og refleksjonar frå 25 år med gravferder i Odda og i Nordhordland/Bergen. Ove I.B. Danielsen.
Songar, dikt og refleksjonar frå 25 år med gravferder i Odda og i Nordhordland/Bergen. Alt dette sett gjennom eit eige sorgslør, i skuggen av sin eigen fars sjukdom og død. Av og med Ove I.B. Danielsen (song, tekst og keyboard). Margot Helene Backer-Owe les tekst.
 
Du får mellom anna høyre "Blå salme", "Himmelhøge sti", O bli hos meg", "Alt eg såg", "Den fyrste song", "*Ein farfar i livet", "Fordi eg elsker deg" og "Den dag kjem aldri". 

"Når han set seg til pianoet, flyttar han litt på mikrofonen, og stafettpinnen er hans. Men berre for nokre minuttar. Han går ein, to rundar, ein sjeldan gong tre – i lag med dei sørgande. Han freister å sense deira tempo. Han tenker han kan dette, men kvar gong og kvar song er ny, sjølv om den er gamal og sliten. Om mennesket i kista er gamal eller ung, fortener dei som sit igjen SIN sorg. Og dei har bedt om denne songen. Klarer dei sørgande ein alternativ versjon av songen, eller tek han den tradisjonelle vegen? Dette veit han ikkje alltid før han er der. Klar, ferdig, gå: SYNG".
 

Pris

150,-

Dato og tid

13.10 kl. 15:30

Sted

ODDA KYRKJE

Medverkande