LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

#IKKJEETTERBOKA
AVHENGIG
BADENOVELLER
BEGJÆR I SOLNEDGANG
BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR
BIKUBEGANG
BOWIE-BEGJÆR
DET GRÅDIGE HJERTE
DET GRÅDIGE HJERTE
DRAUMEN OM DET FEILFRIE SPRÅKET
EIT ATTRÅVERDIG FORFATTARSKAP
EKKO OG NARKISSOS
EKKO, OVID OG ALGORITMANE
EKKO: EIT FOREDRAG OM ALGORITMAR OG BEGJÆR
ELEVKONSERT
ENDELEG
FILOSOFISK FRUKOST
FLØRT
FORNUFT OG FØLELSAR
FOTBALLDEBATTEN: SK BRANN
FOTBALLKAMP
FRÅ LEMMET TIL JERNPLOGEN
GAMLE MENN I SYNINGOM
HALLO ODDA
HENNES HIVENDE, FNYSENDE FISK
KAMPEN OM SEKSUALMORALEN
KLASSIKARSAMTALEN: MARKI DE SADE
KONSERT - TRADDIES
KONSERT: ZEBRA DUO
KRIMINELT BEGJÆR
LENGSEL ETTER TILHØRIGHET
LESESTUND
LINE - EIT NORSK MORALSKRED
LITTERÆR KRAFTSTASJON
LITTERÆR LUNSJ: GUNNHILD ØYEHAUG
LITTERÆR LUNSJ: MARSTEINS POETIKK
LYDEN AV BEGJÆR
LYSTHUSET: BLEI DU KÅT NO
LYSTHUSET: FREDRIK HØYER (avlyst)
LYSTHUSET: SKEIV AFTEN
LYSTHUSET: SYMPOSION
MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET
MINI-KONSERT: STIAN CARSTENSEN
MONO (avlyst)
MØT FREDRIK HAGEN
NATTERAPI
ODDA UNDERGRUNN
OM KRIM
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
SENTRALBADET LITTERATURHUS 10 ÅR
SENTRALBADET POESI
SENTRALBAR
SEX I BIBELEN
SEX OG KJÆRLEIK HOS MICHEL HOUELLEBECQ
SJAKK MATT
SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER
SLEPPFEST - TEAM TUVA
SLEPPFEST: LIVSLYST
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SMÅSYMP NABOEN MIN
SYMPOSIEUTSTILLINGA: Lars Korff Lofthus
U-BAR
VALD

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

SYMPOSIEUTSTILLINGA: Lars Korff Lofthus

Årets kunstnar Lars Korff Lofthus har nytta heile huset for å vise fram verka sine.
Billedkunstnar Lars Korff Lofthus forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar. Tematisk kan arbeidet hans karakteriserast som ei undersøking av forholdet mellom identitet og stad, om posisjonar i miljø der ein både er framandgjort og heime. Han ser etter materiale i til dømes museumsarkiv, bøker og foto, og homo-erotikk på nett.

I essayet Om å måle ølbollar i Hardanger, om Korff Lofthus si utstilling Drik av mig som en fuldkommen Mand på Hordaland kunstsenter i sommar, skriv Bjørn Hatterud:

Vi ser ei lita handfull skulpturar i treverk og ei mengde målarstykke. I desse verka er det som om tre kunstnarskap kolliderer. La oss starte ved motivkrinsen. 

Vi ser ei mengde bollar, ved nærare augesyn er dei ølbollar, og det er tekstar frå ein av desse som har gjeve utstillinga tittelen sin. Det er framskåp og åklede, dukar og ulike andre møblar. Det er som å sjå inn i eit lokalt folkemuseum ein plass vestpå. Samstundes er det mykje natur, tre, fjell og fjordar – slikt som får oss til å tenkje på landskapsmåleri a la nasjonalromantikken. Dette er det fyrste kunstnarskapet. 

Innimellom desse antikvitetane og den fagre naturen er det ei mengde av storvaksne karar, med godt med skjegg og kroppshår. Her finn vi det andre kunstnarskapet. Det er som om ein pornograf har dukka opp og måla nokre av bileta. Menn som held ølbollar i skrittet eller har fått måla mønster på seg, som vi kjenner att ifrå museale objekt, som dei lenger opp. Andre nyt av kvarandre. Dette er karar som har kroppar som solide arbeidarar eller bønder. Samstundes er dei måla som objekt for seksuell attraksjon. Det er mykje info om kvarandre her!

Det tredje elementet i verka, som ifrå eit tredje kunstnarskap, er det målariske og tekniske. Her finn vi vassfarger, akrylmåling og teikning om kvarandre. Eit breitt spenn mellom representasjon i representerande og realistisk tradisjon over til abstrahering – der motiva går over til flater, former og farger. Skulpturane som er forma som ølbollar har renning i målinga som om dei var abstraktekspresjonistiske action paintings. I motivkrinsen finn vi òg museale tekstilar og skåp der utsmykkingane kan minne om tidleg modernistisk tradisjon. Og altså, over alt dukkar desse storvaksne mennene opp. Som har lyst på kvarandre, eller som innbyr oss til å få lyst på dei. 


Ei tidleg undersøking av materiale vart vist på Sommarutstillinga på Sentralbadet 2019: soloutstillinga Ølbollerim. Årets Symposieutstilling er utdrag av arbeidet, der skulpturane meir enn måleria får stå fram. Utstillinga vert vist rundt om i Sentralbadet litteraturhus.  
 

Pris

Gratis

Dato og tid

KVAR DAG kl. 11.00 - 01.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

LARS KORFF LOFTHUS

Katalog 2021

Program2021

Podcast