LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

DOUG SEEGERS

Sidan den magiske vinterkvelden i 2014, då Doug Seegers var med i Jills veranda, har livet hans forandra seg fullstendig. Frå å spele på gatene i Nashville, er han no ei stor stjerne i Sverige. Debutalbumet hans solgte til platinum. Han har hatt nærare 200 konsertar, som alle har vore så godt som utsolgt. Allsang på Skansen, Bingolotto, Sommarkrysset og Moræus, er mellom anna nokre av TV-showa han har delteke i. Alt dette er historie no, men Soug Seegers si suksesshistorie held fram, i ei anna drakt.
 
Doug Seeger sitt nye album “Walking On the Edge of the World” viser tydeleg at han ikkje er ei døgnfloge, men ein erfaren artist og låtskrivar. Ni av dei tolv spora på “Walking On the Edge of the World” er hans eigne songar, og det er høg kvalitet på låtskrivinga hans. Lytt til dømes til tittelsporet “Walking On the Edge of the World”, rockelåta “Before The Crash” eller den vakre balladen “Give It Away”.
Dei tre coverlåtane som Doug Seegers har valgt å tolke, vitnar om særs god smak: “Far Side Banks Of Jordan” er ein countygospel som tidlegare er spelt inn av Carter Family, Johnny Cash & June Carter Cash. Her får vi den i vakker duett med Emmylou Harris. “If I Where You” er ein klassisk countrylåt skriven av Jim Lauderdale, framført i duett med Buddy Miller. “Don’t Laugh At Me” er skriven av Mark Wills, og har lenge vore ein stor publikumsfavoritt på Doug Seegers sine konsertar.
Doug syng om røynda han levde i, og framleis lev i til ei viss grad. Sjølv om han ikkje er fattig lenger, lev han likevel eit enkelt liv og held kontakten med dei gamle venane sine. Doug syng om ein ekskjæraste i “Before The Crash”, avhengigheita i “Zombie”, og han rekkjer ut ei hjelpande hand til medmenneska i “Give It All Away”. Tekstane er ikkje nødvendigvis sjølvbiografiske, men fortel ofte om folk som har hamna på utsida av samfunnet. Med empati og kjærleik, men utan sentimentalitet og moralisme. Om menneske på godt og vondt. Det er verdt å minne oss sjølv på, at det er mindre enn 3 år sidan han bestemte seg for å bli edru og ordne opp i livet sitt.
“Walking On the Edge of the World”er spelt inn i Nashville og produsert av Will Kimbrough. Doug har med seg nokre av dei beste musikarane Nashville har å by på, blant anna Al Perkins, Phil Madeira, Chris Donohue, Bryan Owings, Buddy Miller og Elizabeth Cook.
Som låtskrivar og artist tilhøyrer Seegers ein klassisk tradisjon i dei amerikanske sørstatane. Ein tradisjon kor grensene mellom country, soul, rock og blues er nærast usynlege. Karrieren har rulla i eit rasande tempo, med lange turnéar i Sverige ispedd prestisjefylte konsertar i Europa og USA. Trass dette, er “Walking On the Edge of the World” det andre soloalbumet til den 64 år gamle Soug Seegers. Ei krystallklar, utvetydig melding til dei som måtte tvile - Doug er komen for å bli. 
 

Program

Tidligere program

2021
2022
2020
2021
2021
2022
2021
2021
2022
2021
2020
2020
2022
2022
2021
2022
2022
2022
2020
2021
2021
2022
2022
2022
2021
2020
2020
2021
2022
2021
2021
2021
2022
2021
2022
2021
2022
2022
2021
2022
2021
2021
2022
2021
2021
2021
2022
2021
2020
2022
2022
2020
2021
2020
2022
2022
2022
2021
2022
2022
2022
2021
2022
2021
2022
2021
2020
2020
2020
2021
2021
2020
2020
2022
2021
2022
2022
2021
2020
2021
2020
2022
2020
2021
2021
2021
2022
2022
2021
2021
2021
2021
2021
2021
2021
2022
2021
2022
2022
2022
2022
2021
2022
2021
2022
2020
2022
2022
2022
2021
2021
2022
2021
2020
2022
2020
2021
2022
2021
2020
2022
2021
2021
2021
2022
2022
2021
2022
2021
2022
2021
2020
2021
2022
2022
2021
2020
2020
2021
2022
2020
2020
2022
2020
2020
2020
2021
2020
2020
2020
2022
2022
2022
2020
2022
2022
2021
2020
2022
2020
2022
2021
2022
2022
2022