LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SOLARIS KORRIGERT

Ane Dahl Torp i spektakulær teaterforestilling.
I dette framtidsspråket tek Øyvind Rimbereid sitt langdikt Solaris Korrigert (2004) oss med til år 2480. Framtidsspråket er sett saman av fleire språk, ingen av dei plasserte geografisk langt frå staden Siddy Stavgersand. Det er ein hybrid av stavangerdialekt, skotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og gamalnorsk, kanskje vaksen fram gjennom fleirnasjonale samarbeid i oljeindustrien. 
Hovudkarakteren «Aig» er i ferd med å flytta under havoverflata, til tørrlagde oljebrønnar. Han jobbar med teknologi, røyr, slangar og hydraulikk, medan verda omkring i stadig aukande grad blir omsett til digitale spegelbilete. Det minner om trekk vi ser rundt oss i dag, der både jobb, offentlegheit og sosial kontakt stadig flyttar over i virtuelle rom. «Aig»-personen fortel om arbeidsoppgåver, tankar og draumar frå dagleglivet slik dei framstår i 2480. Og om kjærleik til teknologi, teknologi som har sitt grunnlag frå både ei gamal og ei ny verd. Som her:  
AIG love
miner rektangl-robots (1200 x 400 x 350 mm)!
OLDA og simpl-mekanical som dei er.
DEI er ne onli part af modern modell-
novledg. DEI er ogso part af old sea,
af old pipes og old grease.

Diktet har utmerka seg ved å sette den norske oljehistoria på den poetiske dagsorden. I løpet av åra etter utgjevinga av Solaris korrigert, har fiksjonen så smått begynt å henta inn verkelegheita: Det norske oljeeventyret, som det gjerne kallast, er i ferd med å ta slutt.
I teateroppsetjinga Solaris korrigert smeltar lys, musikk, scenografi og tekst saman til ei oppleving som ligg i grenselandet mellom teater og konsert. Ane Dahl Torp framfører teksten, og Sjur Miljeteig står for musikken. Tematisk stiller stykket eksistensielle, samfunnsmessige og økokritiske spørsmål. Det tvingar oss til å tenkje over spørsmål som kva vi held på å gjere med jorda vår, og kor dette vil føra oss?

 
SOLARIS-KORRIGERT-2015_Foto-Erik-Berg_0256

Pris

250,-

Dato og tid

12.10 kl. 18:00

Sted

LINDEHUSET

Medverkande

ANE DAHL TORP
ANE DAHL TORP
SJUR MILJETEIG
SJUR MILJETEIG