LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

OKKUPERT

Simon Stranger om "Det som en gang var jord", i samtale med Ruth Lillegraven.
Byen er okkupert, og rundt den er det reist ein mur. Berre eit minimum av matvarer slepp gjennom. Det finst ingen vegar ut eller inn, bortsett frå ein. I det skjulte jobbar Mikael med å grava ut ein tunnel til den andre sida. Doktorgrada hans er det ingen som har bruk for, men han kan grave, og han kan bera.

Når tunnelen opnar, blomstrar byen på ny. Plutseleg har folket mat i butikkane. Plutseleg kan Mikael sjå spor av glede i blikket til Miriam. Kan kjærleiken deira reddast? Og Isak, den vesle sonen deira, vil han kunne oppleva noko anna enn okkupasjon og vald? Håpet om å sleppe vekk og starta på nytt tvinger Mikael til å ta eit val som bryt med alt han står for. Men finst det eigentleg val i situasjonen han er i?

Det som en gang var jord er ein roman om ei verd ikkje langt frå vår eiga. Det er ein roman om ikkje å gje slipp, om lengta etter det tapte, og om å halde håpet levande, sjølv i det mørkaste mørke.

Simon Stranger (f. 1976) debuterte i 2003 med romanen Den veven av hendelser vi kaller verden. Han har seinare gitt ut fleire romanar og barnebøker og er omsett til tolv språk. Han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2014 for ungdomsromanen De som ikke finnes.

Stranger møter Ruth Lillegraven til bokprat om romanen.

Pris

50,-

Dato og tid

08.10 kl. 13:30

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande

SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
RUTH LILLEGRAVEN
RUTH LILLEGRAVEN