LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

NYLIBERALISMEN OG MENNESKET

Foredrag ved Linn Stalsberg.
Dei siste åra har eit nytt omgrep begynt å feste seg i offentlegheita: Nyliberalismen. Denne markedsorienterte og kapitalistiske ideologien som ofte blir assosiert med USA har fått breie om seg i Norge, og tar over for dei gamle sosialdemokratiske likheitsverdiane, blir det hevda. Ofte vert nyliberalismen sett i samanheng med klimakrisa, eller den stadig oftare utskjelte New Public Management-reformen som har prega norsk byråkrati og forvaltning sidan nittitalet.

Sosiolog og forfattar Linn Stalsberg har tatt eit oppgjer med nyliberalismen, kalt Det er nok nå: Hvorfor nyliberalismen ødelegger mennesker og natur. Kva er eigentleg nyliberalisme, og kvifor meiner så mange at han stimulerer til eit økonomisk meiningslaust begjær? Kva for konsekvensar har økonomisk vekst for veksten sin eiga skuld? Stalsberg held eit kritisk foredrag om nyliberalisme, problemet med evig vekst, og kva for konsekvensar det har for samfunn, klima og individet si sjølvforståing.

Pris

100,-

Dato og tid

08.10 kl. 12:00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

LINN STALSBERG
LINN STALSBERG