LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

HJELP, VI FLYR TILBAKE

I Folgefonngata, over vegen for Murboligen, ligg tre arbeidarboliger som er ein del av museet.
Folgefonngata 11 blei bygd i 1908 av Smelteverket. Her budde fire familiar. I det raude uthuset hadde kvar familie si bu til ved og reiskaper og kvar sin utedo. Seinare fekk dei innlagd vatn og toalett i huset, eit i kvar etasje. I kjellaren lagra dei kjøtt, poteter og andre matvarer.

Leilighetene i Folgefonngata blei sett på som veldig fine då dei var nye, og dei var ettertrakta. Til å begynna med var det berre fagarbeidarar som fekk bu her. Arbeidarar utan utdanning budde under mykje verre forhold enn her.

Hagen er omtrent slik den var i 1920. Med mange born i kvar familie kunne det bli litt trangt inne i husa. Når det var fint vær sat dei ute og prata og drakk kaffi. Ansvaret for å laga kaffi gjekk på omgang.

Odda Industristadmuseum, no Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, overtok husa i 1989, og har førd fire leiligheter tilbake til korleis dei såg ut i 1910, -20, -30, og -50.
Vi har utfordra forfattarar til å ta oss med på ei tidsreise. Dei får kvar sin leilighet, der dei skal lese ein nyskriven tekst om den leiligheten, den tida, den familien, eller eit stemningsbilete frå årtiet. Publikum går i fire grupper, og besøker kvar av dei ulike leilighetene. 
 
arbeiderboligane

Pris

200

Dato og tid

15.10 kl. 17:00

Sted

NORLI

Medverkande

LARS OVE SELJESTAD
LARS OVE SELJESTAD
BEATE GRIMSRUD
BEATE GRIMSRUD
HILDE KVALVAAG
HILDE KVALVAAG