LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

ARBEIDARROMANEN

Kor blir arbeidarklassen av i norsk samtidslitteratur? Jens M. Johansson, Lars Ove Seljestad og Frode H. Pedersen prøver å finne svaret.
Dei siste åra har fleire etterlyst ein meir politisk orientert litteratur. Litteraturen har blitt for innadvendt, og forfattarar er mest opptekne av å skrive om seg sjølv og folk i sitt eige kulturmiljø, har det blitt hevda. Kulturmiljøet til forfattarane er då middelklassen, og blir ofte refert til som for trivielt. Kor blir arbeidarklassen av i norsk samtidslitteratur?

Kven er eigentleg arbeidarklassen i dag, og oppfyller dei middelklassen sine gamle forestillingar om “arbeidaren”? Kva når den tidstypiske arbeidaren ikkje lenger er industriarbeidar i ei vestlandsbygd, men ein underbetalt polakk på ein byggeplass, eller ein reinhaldar på nulltidskontrakt på eit kjedehotell? Kor mykje skit må du ha under neglane for å vere berettiga ei stemme i dette landskapet? 

Klassereise, industriarbeid og politisk litteratur har vore ein raud tråd i forfattarskapen til Lars Ove Seljestad, og som arrangør av Jernrosa Politiske Litteraturfestival. Han fekk LOs kulturpris i 2019, og var nominert til LO-prisen for arbeidarlitteratur 2020.

Jens M. Johansson på si side fekk mykje merksemd for romanen Lavterskeltilbud, om ein forfattar som nettopp set seg fore å skrive den neste store arbeidarromanen. Romanen gir eit satirisk blikk på ein forfattar sitt forsøk på å skildre arbeidarklassen. I prosessen tar hovudpersonen seg undercover-jobb i kassa på Kiwi, og uventa forviklingar følger - det skal vise seg at det ikkje er så lett å gli inn og ut av klassar på den måten. 

Frode Helmich Pedersen styrer ordet. 
 

Pris

150

Dato og tid

10.10 kl. 18:00

Sted

KINOSALEN

Medverkande

JENS M. JOHANSSON
JENS M. JOHANSSON
LARS OVE SELJESTAD
LARS OVE SELJESTAD
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN