Tore Slaatta er professor i medievitskap, forskar og faglitterær forfattar.
Han var inntil nyleg Generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter-og oversetterforening (NFFO).
Slaattas forsking og forfattarskap spenner frå mediesosiologi, via kultursosiologi til kunstsosiologi, og har dei seinare åra spesielt fokusert på litteratur og litteraturpolitikk i Noreg og Europa.
Saman med Helge Rønning har han skrive Litteraturpolitikkens verktøykasse, som gjev ein gjennomgang av den norske litteraturpolitikkens viktigaste verkemiddel.