LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

Publikumstal på Litteratursymposiet i Odda 2020

Som alle andre festivalar og kulturarrangørar, måtte staben bak Litteratursymposiet i Odda ta ein tenkepause i vår. Var det mogleg å arrangere festival under pandemien? Var det tilrådeleg? Fram til mars var planen å arrangere ein festival med tema Attrå. Programarbeidet var godt i gang, men pga. pandemien valde vi å legge dette programmet i ei skuff, og endre program og innhald til ein koronatilpassa festival. Festivalen vart i staden programmert som ein jubileumsfestival, med tema frå dei 15 føregåande festivalane. 
Resultatet blei ein tredagars festival i veke 41, omlag halvparten så stor som i normale år. 
 
 - Eg er kjempestolt over at vi klarte gjennomføre ein festival under desse vilkåra, seier festivalleiar Ingvild Ystanes. Det var nervepirrande heilt til nokre veker etter festival, då vi kunne konkludere at det ikkje kom eit smitteutbrot lokalt som følgje av symposiet.  

Sjølv om programmet og festivalen vart nedskalert, vart det mykje ekstraarbeid for arrangørane pga. smitteverntiltak. 
 
- Vi hadde med oss ein veldig liten, men kjempededikert gjeng frivillige, som jobba mange og lange vakter, for å sørge for at smittevernsarbeidet vart høgt prioritert under arrangementa, seier Ystanes.    

- Vi fekk mykje skryt, både frå smittevernoverlege over korleis vi jobba målretta med smittevernarbeidet og frå gjestene våre. Sjølv om enkelte publikum nok opplevde at vi var veldig strenge på kven som kunne sitte kor, og kor nære dei kunne vere, trur eg dei fleste opplevde det som trygt og positivt at vi tok det på alvor. Det var svært gledeleg å oppleve at vi klarte skape ein god festivalstemning på tross av krav om avstand.   

Til samanlikning var det i 2019 7500 besøkande på symposiet. Då gjekk festivalen over fem dagar, og hadde 100 arrangement. Dette har vore eit normalnivå på publikum dei siste åra på symposiet. 

Av dei 3444 gjestene på årets arrangement var det naturlegvis nokon som var på mange arrangement. 1170 av desse var born og unge på barnehagar i Odda, grunnskulane i heile kommunen og elevar ved vidaregåande skule.  
 
< Tilbake