Lars Korff Lofthus (fødd 1978) er biletkunstnar utdanna ved Nordiska Konstskolan, Kongelige Danske Kunstakademi og Kunsthøgskolen i Bergen, avd. Kunstakademiet, der han gjekk ut i 2009 med ei mastergrad i kunst.
I mange år har Lofthus delt tida og arbeidet sitt mellom Bergen og Hardanger, der atelieret hans ligg. Han er engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeidet hans har blitt vist i ei rekke utstillingar både i inn- og utland.
Ofte har Lofthus sine prosjekt eit element av begjær i seg, og han vil at det maleriske i seg sjølv skal kunne vise sensualitet, sårbarheit og overskot. Han er oppteken av ei overflate som til ei kvar tid svingar mellom det magre og det saftige.
Tematisk kan arbeidet hans karakteriserast som ei undersøking av forholdet mellom identitet og stad, om posisjonar i miljø der ein både er framandgjort og heime. Han ser etter materiale i til dømes museumsarkiv, bøker og foto, og homo-erotikk på nett. Lofthus forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar.
Sommaren 2024 hadde Lofthus ei omfattande separatutstilling i Kristiansand Kunsthall. I samband med denne gjev galleriet Entrée ut ei bok om Lofthus og den kunstnarlege praksisen hans; Lars Korff Lofthus: ATTRÅ.