Det går hardt for seg når noko skal diskuterast i den vesle industribyen med store vyar. Streik og protest, kronikkar og appeller - rappkjefta replikkar og usamde politikarar. Er Oddingen hakket meir dramatisk enn den jamne mannen i gata? Ja.
I samarbeid med Kraftmuseet set vi fokus på det oppheta sinnelaget til oddingen, og byr på døme frå historiske konfliktar og innvikla farsar i byen.