LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

Katalog 2022

Katalog for program 2022

Tema for 2023

Magisk rommer det overnaturlege, det uforståelege – og det fortryllande. Hendingar som er så underlege eller fantastiske at vi ikkje klarer plassera dei på anna vis enn i kategorien magisk. Erfaringar og opplevingar som utvidar denne verda i ei litt meir utruleg retning enn det ein trudde var mogleg. Magisk tek opp i seg det vi meiner å sjå som ein trend i samtidslitteraturen: ei dreiing frå røyndomslitteratur til lett surrealisme, religiøsitet og overnaturlege fenomen. 

Er det éin stad det magiske trivst, er det i litteraturen. I bøkene kan alt skje. Eit minutt kan utvidast til å vare i timesvis, orda kan skape magiske augneblink - og ei forteljing frå ein grå kvardag kan plutseleg opna seg opp til andre dimensjonar og lag. Samstundes er Magisk blitt eit “blødme-ord”, for å namngje opplevingar og saker som oppleves som veldig bra. 

Rundt desse spora programmerer vi no årets Litteratursymposium.  Info om deltakarar og program vert lansert utover våren. 

4. - 8. oktober 2023

 
< Tilbake