ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

SIRI HELLE

Siri Helle (fødd 1982) er ei norsk forfattar, journalist og agronom som jobber særleg med matspørsmål og etikk.  

Helle er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho har arbeidd som avløysar og gardsarbeidar, og jobbar no som journalist i avisa Dag og Tid.

Ho har gitt ut to bøker om matbransjen og landbruk:
I Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks (2014), skriv ho om dei mange vala vi gjer kvar gong vi skal handle mat. Kva er sunnast? Kva er mest berekraftig? Kva er rett pris å betale? Agronomen og matentusiasten Siri Helle gir lesaren møte med gjengangarar frå norske matbord og matbutikkar. Ho trekkjer fram vanlege produkt og diskuterer berekraft, dyrevelferd, marknadsføring og tilsetjingsstoff.

I år gav ho ut boka Skal landet gro att? – Korleis berge norsk jordbruk, der ho stiller spørsmål om kvifor vi skal ha jordbruk i Noreg. - «...i eit land av stein og fjell, kor regnet slåst med nordavinden, vi har blitt vane med fem veker ferie og ei lønsutbetaling som kjøper oss fri frå den strevsame vegen mellom jord og bord? Kvifor skal vi fø på bønder som produserer den dyraste maten i verda, når verda står i kø for å selje produkta sine til landet med alle oljepengane?»

Boka syner korleis det vi har i Noreg – fjell, gras og store variasjonar – gjev oss eit jordbruk som er både berekraftig, mettande, smakfullt og lønsamt.

 
Siri%20Helle%20Foto%20Edvard%20Thorup