ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

RUTH LILLEGRAVEN

Ruth Lillegraven (f. 1978) er ein norsk forfattar. Ho kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum.

Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Store stygge dikt, og har seinare gitt ut 10 bøker i ulike sjangrar, for born og vaksen.
Diktsamlinga Urd fekk strålande mottaking og for denne fekk ho Brageprisen i 2013. Lillegraven gav i 2014 ut diktbiografien Manilahallen, ein poetisk portrett av ei eldre kvinne, som vart hennar ven. Lillegraven klarar kunsten å skildre eit dramatrisk og vanskeleg liv med nok kjærleik og respekt til at biografien i diktform ikkje blir sosialrealisme, men ei vakker diktsamling. Ho har gjeve ut romanar og vore redaktør for diktantologien Disse dagene, dette livet. 

Hausten 2018 gav ho ut den psykologiske thrilleren Alt er mitt. Lillegraven skriv óg dramatikk: teaterstykket CALLY handlar om songerinna, forfattaren og teatersjefen Cally Monrad, og vart spelt på Det norske Teater. 

Lillegraven har gjeve ut fleire bøker for barn: fire bøker om søskenparet Mari og Magnus, diktbøkene Eg er eg er eg er, som vart kåra til Årets vakraste skjønnlitterære bok for barn og ungdom i 2017 og Skogen den grøne.   

 
Ruth%20Lillegraven%20foto%20Paal%20Audestad