ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

PEDRO CARMONA-ALVAREZ

Pedro er ein forfattar, poet og musikar. Han vart fødd i Chile i 1972, men familien flykta til Argentina då han var 10 år p.g.a. farens politiske verksemd i heimlandet. Seinare kom familien til Noreg og busette seg på Kolbotn.
Pedro har vore Oddaven og fast symposiegjest i årevis.

Han debuterte som 21-åring i Signaler, Cappelens årlege debutantanologi. Han er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og gav i 1997 ut den kritikarroste diktsamlinga Helter. Han har seinare gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Pedro fekk Sultprisen i 2005 og Den norske Lyrikklubbens pris 2005. Han jobbar óg med gjendiktninger frå spansk. I 2009 kom Carmona-Alvarez' store roman og litterære gjennombrot, Rust.
I 2010 kom eit stort verk med til no upublisert internasjonal poesi på norsk: Verden finnes ikke på kartet. Antologien er redigert av Pedro Carmona Alvarez og Gunnar Wærness. Hausten 2015 gav han ut ny diktsamling: Samtaler med onkel Nica og tante Viola.

I 2012 kom roman Og været skiftet og det ble sommer og så videre, som han vann P2-lytternes romanpris for og som fekk særs gode meldingar. I 2016 kom endeleg den bebuda oppfølgjaren, som fekk tittelen Bergen Ungdomsteater. Vi skal til Bergen på 1980- og -90-tallet og møter tre hovudpersonar: Marita, Johannes og Andreas, deira oppvekst og intime samkvem, erfaringar med sex, kjærleik, rus, fest, kunst, musikk og teater.

Pedro Carmona-Alvarez er også musikar i fleire band, mellom anna Sister Sonny og Moon Pedro & the New Farm Street Orchestra. Han er musikalsk svirebror for Frode Grytten sine ulike musikkprosjekt.