ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

MONIKA SOLHEIM

Monika Solheim (fødd i 1971) kjem frå Stord. 
                                                 
Ho er ein allsidig kunstutøver med omlag 20 års erfaring som dukkespelar/ skodespelar og dukkemakar. I 1997, etter studier ved Kunstskulen i Bergen, møtte ho det frie scenekunstfeltet i Bergen, tok vegen innom gateteatermiljøet/Bergen Byspill, og turnerte land og strand med figurteaterframsyningar med teatergruppa Dukkenikkerne som ho var ein del av i ei årrekke.

Ho har hatt oppdrag for bl.a. Fylkeskonsertane i Hordaland, Festspillene i Bergen, Hordaland Teater og Vestlandske Teatersenter, Barneteateret Vårt i Ålesund, DKS, DKB og Spaserstokken, samt samarbeida med einskilde frilensarar og frie teatergrupper.

Monika har og ved fleire anledninger gjestespelt ved Den Nasjonale Scene i Bergen, seinast med framsyningane "Leketøys" og «Bobo, Eia & Besøket» begge samproduksjonar med DNS. Ho brenn for å lage gode framsyningar for barn frå 0 til 100 år og vitjar i år symposiet saman med makkar Adele Lærum Duus og framsyninga «Himmelspringaren» som basert på Sissel Horndals kritikerroste og prislønte barnebok med same tittel.



 

 
Monika%20Solheim%20foto%20geir%20hansen