ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

MONA HØVRING

Mona Høvring (fødd 1962) er ein norsk forfattar frå Haugesund. Ho debuterte i 1998 med diktsamlinga IIK!! En dialog, og har sidan markert seg som ein av landets mest interessante forfattarar med ein stor og variert forfattarskap av både poesi og prosa. Særskilt blir den særeigne, høvringske tonen, bruken av språket og humoren framheva av kritikarar og lesarar.

Blant Høvring sine bøker kan ein nevne romanane Venterommet i Atlanteren (2012) og Camillas lange netter (2013), der sistnevnte vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. I 2017 ga ho ut diktsamlinga Jente med dødningehode, og i 2018 kom romanen Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født, som har fått overstrømmande gode kritikkar og er solgt til Danmark.

Høvring har vunne fleire prisar, seinast Kritikerprisen for Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født.
 
Hoevring-MonaAgneteBrun