ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

MARIT EIKEMO

Marit Eikemo er fødd 1971 i Odda, og er busett i Bergen.

Ho er forfattar, har jobba som journalist, redaktør i magasin og forlag, som informasjonssjef i Festspillene, og i perioden 2009 - 2014 var Marit festivalleiar for Litteratursymposiet Odda. No er ho dagleg leiar for Cornerteateret. 

Ho debuterte skjønnlitterært med romanen Mellom oss sagt i 2006, og i 2008 kom den moderne klassikaren, essaysamlinga Samtidsruinar, som blei kåra til årets nynorskbok. I 2009 kom hennar andre roman, Arbeid pågår og i 2011 romanen Samtale ventar. For sistnemnde bok fekk ho Nynorsk litteraturpris i 2011.

I 2015 gav ho ut romanen Alt inkludert, som m.a. vart nominert til P2- lytternes romanpris. 

Våren 2018 gav ho ut romanen Gratis og uforpliktande verdivurdering. 


Eikemo sitt blikk på samtida er skarpt og relevant, utan å vere moraliserande. Bøkene hennar er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i.

Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018.
marit%202012