ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

LARS MÆHLE

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge.

Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen.

Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikter i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.

Lars Mæhle har skrive fleire bøker for yngre barn, m.a. dei elleville bøkene om tospannet Harry og Ivar. Den første av desse, Harry og Ivar finn opp krutet (2003), blei dramatisert for barnetimen og er omsett til dansk. Mæhle har studert ved Universitetet i Oslo der han har teke hovudfag i litteraturvitskap. Han har arbeidd som skribent, meldar og forlagsredaktør.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.
lars_mxhle