ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

KETIL BJØRNSTAD

Ketil Bjørnstad (fødd 1952 i Oslo) er ein norsk pianist, komponist og forfattar innan mange sjangre.

Sin litterære debut fekk han i 1972 med diktsamlinga Alene ut, og sidan har han skrive romanar, skodespel, debattbøker og dokumentarromanar om Oda Krohg, Edvard Grieg, Edvard Munch, Ole Bull, Hans Jæger og Bendik Riis. Til Bjørnstads romaner høyrer trilogien Drift, Drømmen om havet og Veien til Dhaka samt den tematiske trilogien Fall, Ludvig Hassels tusenårsskifte og Tesman. Til musikken (2004) har fått sin frittståande oppfølgar i Elven (2007) og Damen i dalen (2009).

Ketil Bjørnstads bøker er omsett til fleire språk, m.a. er Til Musikken solgt til England, Tyskland, Russland, Danmark, Nederland, Tyrkia, Korea, Hellas og Frankrike, og romanen er tildelt den store franske lesarprisen, Le prix des lecteurs i 2008. Det prestisjetunge tyske forlaget Suhrkamp har kjøpt romanen "De udødelige" (2011).

Som musiker er han utdanna pianist. Han har arbeida mykje i grenselandet mellom moderne jazz og rock, og er ein ettertrakta musikar både nasjonalt og internasjonalt. Han har spelt inn meir enn 50 plater, og har komponert både større verk (musikaler) og enkle melodier.

I Odda får vi oppleva han både som musikar og forfattar. Han skal tilbake og spele på flygelet i Formannshuset.

 
Ketil_BjXrnstad%2C_foto_Hans_Fredrik_AsbjXrnsen