ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

JENS M. JOHANSSON

Jens M. Johansson (fødd 1971 i Stockholm) er ein norsk/svensk forfattar og journalist. Han er utdanna ved Norges Journalisthøgskole, og har studert litteraturvitskap og idéhistorie på Universitetet i Oslo.

Johansson debuterte skjønnlitterært i 2002 med novellesamlinga “Bisettelsen har funnet sted”. To år seinare kom romanen “Trøst”, som han fekk Tidenprisen for.

“En liten bok om lengsel” (2007) hausta takketalar frå landets litteraturkritikarar, og “Den andre” etablerte Johansson som ein av samtidas mest elegante forfattarar. I 2013 kom “Bryllup og begravelser”, ein roman om familierelasjonar, inspirert av sin eigen familie. Boka handlar om å vere son, far, ektemann, barnebarn, bror og ven, og om ynskjet om å bli tatt vare på, og om å ta vare på dei andre.

Det store gjennombrotet kom med romanen “Et godt liv” (2016), og i 2019 følgde han opp suksessen med “Lavterskeltilbud”, som vart nominert til P2-lyttaranes romanpris.

I Klassekampen og i Dagens Næringslivs laurdagsmagasin har han jobba som gravejournalist, musikkritikar og humorist. Arbeidet som journalist har gitt han ei rad prisar, som Arne Hestenes' journalistpris (2000) og Den store journalistprisen (2005). Han har undervist i økonomi- og portrettjournalistikk. Johansson har óg skrive filmmanus, og “Drømmen om England”, ei dokumentarbok om engelsk fotball saman med Lars Backe Madsen (2005).

Bøkene hans er omsett til fleire språk.
jens%20m%20johansson%2C%20foto%20%20Paal%20Audestad