ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

JAN GUILLOU

Jan Guillou (fødd 1944) er ein svensk journalist og forfatter, og ein av skandinavias store litterære stjerner.

Han debuterte i 1971 med romanen Om kriget kommer. Sidan har han skrive over førti bøker, dei fleste er omsett til norsk. Dei ti bøkene han skreiv om agenten Carl Hamilton har åleine seld over fem millionar eksemplar. Dei er filmatisert og m.a. vist på norsk TV. Den historiske romanserien om korsfararen Arn Magnusson og hans innverknad på historia til det svenske kongeriket har vore på bestselgerlistene i fleire land: Veien til Jerusalem (1998), Tempelridderen (1999) og Riket ved veiens ende (2000). 

Hans pågåande serie har i fleire år toppa listene hos både bokhandlarar og bibliotek her i Norge: Det store århundre er ei historie om 1900-talet. Første bok i serien, Brobyggerne, startar i 1880-årene på et lite fiskevær på Osterøy utenfor Bergen, og følgjer dei foreldrelause brødrene Lauritz frå vestlandet, til ingeniørutdanning i Tyskland og tilbake for å byggje Bergensbanen. Fjerde bok i serien har nett kome ut i Sverige.

Guillou skriv regelmessig for det svenske Aftonbladet, og er ein anerkjent deltakar i samfunnsdebatten. Han har opp gjennom åra stått fram med krass kritikk av samfunns- og medieutviklingen i Sverige og i Vesten.

Saman med ein annan journalist og ein tidlegere etterretningsagent vart han i 1974 dømd til ti månaders fengsel for ein artikkel der fleire forhold knytt til den svenske etterretningstenesta Informationsbyrån (IB) vart avslørt. «IB-affären», førde til ein omfattande debatt om grensene for journalistikk og ytringsfrihet og om den svenske etterretningstjenestens verksemd.

Guillou har og vore programleder for Magazinet på Sveriges Television 1981–1984 samt Rekordmagazinet. På slutten av 1990-tallet var Guillou med på å stifte det frittstående bokforlaget Piratförlaget.


 
jan%20guillou%20foto%20henrik%20montgomery