ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

INGELIN RØSSLAND

Ingelin Røssland (fødd 1976) frå Tysnes i Sunnhordland er forfattar og journalist. Ingelin Røssland har teaterutdanning frå Bergen Teaterskole og journalist- og dokumentarfilmutdanning frå Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd som journalist i fleire aviser, m.a. Hardanger Folkeblad. Naturvitskap har alltid vore ei stor interesse, og forfattaren fekk leve ut sine nyfikne sider som journalist og producer i fjernsynsprogrammet Newton på NRK mellom 2003 og 2008.

Røssland debuterte med ungdomsromanen Viss du vil i 1998. Dei neste to bøkene hennar, Kunsten å inhalera (2001) og Flyt (2002), handlar om den 16 år gamle Anette, og kom ut i samleutgåve i 2009. For si fjerde bok, Handgranateple (2006), blei Røssland tildelt både Sunnmørsprisen og UPrisen, og boka kom i 2008 på IBBY Honour List. I 2007 mottok Røssland Sigmund Skard-stipendet og Guro Sandsdalens litteraturpris.

Sentrale tema i hennar bøker er å finne seg sjølv og sin plass i ei kaotisk verd. 

​Ho har fått ei rekkje prisar for sine ungdomsbøker og blitt omsett til fleire språk. 

Dei tre bøkene Englefjes (2008), Englejakt (2009) og Engleslakt (2010) utgjer til saman den populære trilogien om Engel Winge. Den rå journalistspira og bråkmakeren, som også er kjend som queen of fucking everything, har eiga nettside.

I 2012 kom Kirsebærsnø, hennar første roman for vaksne.


 
ingelin%20r%C3%B8ssland%20-%20lars%20myhren%20holand