ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

GUDMUND SKJELDAL

Gudmund Skjeldal (fødd 1970, frå Voss) er ein norsk idéhistorikar, forfattar og tidlegare landslagsløpar i langrenn. Han er no litteraturansvarleg i Bergens Tidende. Han har skrive fleire kritikarroste bøker.


Skjeldal fekk andreplass på femmila i Holmenkollen 1993 etter å ha leia fram til siste kilometeren. Dette skiløpet utgjer rammefortellinga i Nest best (2014), ein personleg inngang til historia om gull, sølv og bronse. I 2005 gav han ut ein biografi om broren Kristen, som då framleis var toppidrettsutøvar. Her filosoferer han rundt barndommen deira, rundt vintrane som vert stadig mildare, og om kjærleiken til snøen og det opphavlege langrennet.

I 2007 - 2008 var Skjeldal leiar for klimakampanjen «Hvit vinter». I 2007 gav han ut boka Fallande snø - den norske klimautfordringa der han mellom anna tek eit oppgjer med klimapolitikken til Jens Stoltenberg. I 2009 kom Feber - historia om norsk olje og gass ut, i samarbeid med statsvitaren og klimaaktivisten Unni Berge. I denne boka stiller Skjeldal spørsmålet om det norske oljeeventyret framleis kan kallast eit eventyr. Boka utgjer ein slags trilogi om menneskeskapte klimaendringar saman med Den siste langrennaren og Fallande snø. Han har tidlegare gitt ut ein biografi om Nordahl Grieg.
 
gudmund%20skjeldal%20ellen%20grossner%20lande