ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

ERIK FOSNES HANSEN

Erik Fosnes Hansen er ein norsk forfattar som vart fødd i 1965 i New York, og vaks opp i Oslo.

Han debuterte i 1985 med romanen Falketårnet. Hans andre roman, Salme ved reisens slutt, kom i 1990 og vart ein stor suksess. Boka har gjennom åra gått sin seiersgang over heile verda, og er omsett til meir enn tretti språk.
 
For romanen Beretninger om beskyttelse (1998) fekk han tildelt Bokhandlerprisen. Romanen Løvekvinnen frå 2006 vart tildelt Bokhandlerprisen – og er i år kinoaktuell.
 
Fosnes Hansen har og redigert lyrikkantologien Amor Roma (1998), skrive librettoen til ein opera basert på debutromanen og publisert ei rekkje artiklar og essays i norske og utanlandske tidsskrift og antologiar. Han har mottatt ei rekkje prisar for sitt forfatterskap, m.a. Scheiblerprisen 1986, Riksmålsprisen 1990 og Bokhandlerprisen og P2-lytternes pris 1998. Han var nominert til den europeiske Aristeion-prisen i 1999 og vart samme år opptatt som medlem i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Han har
 
Ti år etter førre bok, kjem Fosnes Hansen denne hausten endeleg med sin femte roman: Et hummerliv; ei mangslungen historie med både komikk og tragedie. Det handlar om å bli vaksen, om å måtte strekke seg litt lenger enn ein trur ein kan, om å forstå det ein ikkje vil forstå - og om den avstanden som kan oppstå mellom dei som eigentleg elskar kvarandre. Fosnes Hansen skildrar korleis sjølvbedrag kan bli ein overlevingsmekanisme og korleis vi lyg for oss sjølve og for andre, fordi det er for vanskeleg å være ærleg. 
 
 
 
                                                                                                                                                                         
 
ErikFosnesHansen%20Marcel%20Leli%C3%ABnhof