ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

EIRIK INGEBRIGTSEN

Eirik Ingebrigtsen (fødd 1975) er forfattar og prosjektansvarleg i Norsk Forfattersentrum og står bak programmet på Forfattarforelesinga. Han er frå Os, og bur i Oslo.

Han har skrive romanane Vesen (2001), Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003), Vendrakovic (2006), Viddesyn (2009), Heimfall. Ei juleforteljing (2012) og Spikrar frå fallande plankar (2015), og saman med Gunstein Bakke har han redigert antologien Respons 22/7 (2011).

I 2007 blei Eirik Ingebrigtsen vald ut som norsk forfattar til "Scritture Giovanni", eit europeisk litteraturprosjekt. For romanen Heimfall. Ei juleforteljing blei han kortlista til P2-lytternes romanpris i 2012. I 2013 fekk Eirik Ingebrigtsen Sultprisen for forfattarskapen sin. Sultprisen er ein litterær pris som blir delt ut årleg av styret for Gyldendals Legat. I 2016 blei Ingebrigtsen tildelt Nynorsk litteraturpris for romanen Spikrar frå fallande plankar.

Romanen Spikrar frå fallande plankar er ein roman om å forholda seg opent til det ukjende og å gje rom til dei andre, i eit samfunn der ikkje alle får plass. I eit innlevd og forteljande språk utforskar romanen grensene for det personlege ansvaret, på tvers av skiljelinjer i dagens Europa. Hovudpersonen, Sven, blir med på ei reise der han får sjå Europa frå romfolkets perspektiv. Det er ikkje eit vakkert syn.
 
Eirik%20%20Ingebrigtsen-Finn%20St%C3%A5le%20Felberg