ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

CAMARA LUNDESTAD JOOF

Camara Lundestad Joof (fødd 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar og dramatikar.

Det kunstnariske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og tek for seg interseksjonalitet, dekolonialisme og normkritikk. Ho er med og leiar Den Mangfaldige Scenen, og har spela over to hundre framsyningar i Skandinavia med den sjølvbiografiske soloførestillinga Pavlovs tispe.

Våren 2018 gav Samlaget ut Eg snakkar om det heile tida, som ein del av sin serie Norsk røyndom, der dei  inviterer utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Serien er ein del av 150-årsjubileet til forlaget.

Eg snakkar om det heile tida er eit vitnemål, ein appell og ei sjølvransaking. Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg, med norsk mor og gambisk far. Boka skildrar korleis rasismen ho stadig opplever, infiserer kvardagen og styrer tankane hennar. Ho ransakar minna sine. Kva om ho hugsar noko feil, korleis skal nokon tru henne då? Kor mange detaljar må ein hugse for å verke truverdig? Trur ho på seg sjølv? Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå spørsmålet om hudfarge?
Frå 2018 er Joof Husdramatikar på Dramatikkens Hus.
 
Camara%20Lundestad%20Joof%20foto%20%20Maria%20Gosse%20