ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

BERGSVEINN BIRGISSON

Bergsveinn Birgisson (fødd 1971) er ein islandsk forfattar og doktor i norrøn filologi. Han vaks opp på Island, men er no busett i Bergen.

Han debuterte i 1992 med diktsamlinga Íslendingurinn, og har sidan gitt ut både diktsamlingar og romanar på Island. Han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for boka Svar på brev frå Helga, som kom i nynorsk språkdrakt i 2012.

Soga om vêret var Birgissons debut som romanforfattar og vart nominert til Den islandske litteraturprisen i 2003. Den kom sidan ut i Noreg. Soga om vêret tek oss til ein gudsforlaten fjord heilt nordvest på Island, der nokre få forkomne sjeler driv sjarkfiske, viss vêret tillét det. Halldor skriv dagbok, og det er livshistoria hans som vert avdekka gjennom møta hans med Gud, presten, filosofen, krøplingen, torsken og kjærleiken.   

I 2013 kom sakprosaboka Den svarte viking, der han freistar å klarleggja historia om Geirmund Heljarskinn, ein av dei mektigaste landnåmsmennene på Island, som det finst lite materiale om. Ikkje har han fått sin eige saga, og ettertida har freista å gløyma ham. Kvifor? Det er det Birgisson (sjølv etterkomar av Heljarskinn), tar fatt i.

Bergsveinn Birgisson disputerte i februar 2014 for dr. art. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: Inn i skaldens sinn. Kognitive, estetiske og historiske skatter i den norrøne skaldediktingen.
Bergsveinn%20Birgisson