ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

ARNE SVINGEN

Arne Svingen er ein av våre mest populære forfattarar med ei lang rekke bøker bak seg. Produksjonen hans spenner frå lettlest for barn til barne- og ungdomsromanar, og han har også skrive fleire vaksenromanar.  Forfattaren dobbeltdebuterte med romanen Handlingens mann for vaksne og barneboka Flekken i 1999.

Bøkene hans er selt til 17 land. Arne Svingen har i fleire år jobba med å betre lesinga blant barn og unge, med særlig fokus på gutar og deira lesing. Han er ein av dei forfattarane som har turnert mest på skuler og bibliotek, og han har vore på Litteratursymposiet mange gonger.

Sidan 2016 har Arne Svingen vore redaktør for den uavhengige podcasten "Svingens barnebokverden"  der han intervjuar andre barne- og ungdomsbok-forfattarar. Podcasten blei laga som ein reaksjon på at at denne typen forfattarar og illustratørar sjeldan får mulighet til å snakka om forfatterskapet sitt i offentligheten, samtidig som norske barne- og ungdomsbøker gjer det skarpt internasjonalt, og utan tvil held høg kvalitet. 
 
Arne%20Svingen%2C%20foto%20Sigbj%C3%B8rn%20Sigbj%C3%B8rnsen