ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

AGNES RAVATN

(f. 1983) er Ølen i Vindafjord. Ho er forfattar, spaltist og skribent. Sidan romandebuten i 2007 har Ravatn gitt ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar, og ho er kjend for si vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

Ho debuterte med romanen Veke 53 i 2007. Her møter vi den middelaldrande, skilde lektoren Georg Ulveset, som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har teke i livet. I 2008 kom den svært utradisjonelle utgivinga Ikke til hjemlån, med høgdepunkt frå undergrunnsfanzinen som Ravatn var ein av drivkreftene bak.

Ho har vore journalist i Dag og Tid i mange år, og har skrive fleire seriar der ho har utforska livet og folket og seg sjølv. Nokre av dei har kome ut i bokform. I essaysamlinga Stillstand, frå 2009, skriv Ravatn ein serie essay med utgangspunkt i situasjonar der ingenting skjer. Resultatet vart eit humoristisk og sivilisasjonskritisk portrett av Noreg, med høg gjenkjenningsfaktor. Seinare tråla ho bladhyllene på Narvesen og tok jaktblada på kornet og pornoblada på dei mest erogene sonene i essaysamlinga Folkelesnad (2011).

Hennar andre roman, Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen 2013, og vart sett opp som teater på Det Norske Teater. I 2015 kom Operasjon sjølvdisiplin - ei sjølvhjelpsbok for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker. I 2017 kom Verda er ein skandale, basert på essays i Dag og tid. I 2018 kom Stoisk uro og andre filosofiske smular.

I haust er Ravatn ute med si første krimroman, Dei sju dørene, om litteraturprofessoren Nina Wisløff og ein forsvunnen leigebuar. Romanen har fått mykje merksemd og gode kritikkar.

 
agnes%20ravatn%20Foto%20Marius%20Viken