ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

ØYVIND RIMBEREID

Øyvind Rimbereid (fødd 1966 i Stavanger) er ein norsk forfattar og lyrikar, busett i Stavanger. Rimbereid er utdanna cand. philol. fra Universitetet i Bergen med hovudfag i nordisk språk og litteratur, og var i ei årrekkje undervisningsleiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Rimbereid debuterte som forfattar med novellesamlinga Det har begynt i 1993 og gav ut ei novellesamling og ein roman før han endeleg debuterte som lyrikar med Seine topografiar i 2000. Seinare har han halde seg til lyrikken og er ein av dei mest originale og utfordrande stemmene i norsk samtidslyrikk.

Solaris korrigert (2004) er ei av dei mest ikoniske norske diktsamlingar. Ho var med på lista over Noregs litterære kanon, ei liste over norsk litteraturs 25 viktigste verk, utarbeidd av ein fagjury frå Norsk litteraturfestival.

I 2008 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for samlinga Herbarium, som han fekk Brageprisen for same år. Han vart på ny nominert til Nordisk Råds litteraturpris for samlinga Jimmen i 2011.

Hans førebels siste utgiving er Orgelsjøen (2013).

Rimbereid har blitt heidra med ei rekkje prisar: Doblougprisen (2010), Kritikerprisen for både Solaris Korrigert og Orgelsjøen. Han er den einaste lyrikaren som har mottatt Kritikerprisen to gonger.

I 2014 fekk han Gyldendalprisen for sitt forfattarskap. 

Han er gjendikta til fransk, tysk, nederlandsk, russisk, slovakisk, engelsk og til bengali.
 
%C3%98yvind%20Rimbereid%20foto%20Nikita%20Solenov