hadle reis%c3%a6ter haara
    "KAPITAL DEL 1"



    I forestillingsrekka "Kapitalen for ein mann i det 21. århundre" vil skodespelar Hadle L. Reisæter undersøke korleis han som scenekunstnar stiller seg til same tekstlege og tematiske utgangspunkt gjennom livets ulike fasar. Er etikk og moral eit spørsmål om modning? Og korleis vil dette endre seg i løpet av livet?Forestillinga tar utgangspunkt i Stig Sæterbakken sin roman "Kapital" (2003), om den eldre kjøpmannen Konrad Ofting som i rettssalen slåst mot den urettferda han opplever rundt seg. Han er tiltala for økonomisk misleghald og eldpåsetting av eige konkursbu. Sjølv tiltalar han nasjonen. Det er ein verdikamp, der vesle David kjempar mot Goliat. Noreg er skurken, ei pengemakt som sluker menneskeverda.

    I Kapital del 1 viser Hadle og regissøren fram ein trist og melankolsk Konrad Ofting som kjempar for ei verd mindre oppteken av pengar og meir oppteken av han som menneske. Forestillinga vil spegle vår oppfatting av den gjeldande samfunnsorden, og skildrar korleis den påverkar oss i våre møte med medmenneske. Dei vil sjå på samanhengen mellom den eldre mannen som får si politiske oppvakning i det han mister alt, og dei unge håpefulle som vert konfronterte med eit stadig meir brutalt arbeidsliv, kjenneteikna av deltidsarbeid og svekka arbeidsrett. Kvifor er det slik at mange av dei som lir under dei same strukturane som Konrad ikkje går gjennom den same politiske oppvakninga?

    Kapital del 1 har premiere på Hordaland Teater i september 2018. På Litteratursymposiet får vi eit utdrag frå forestillinga, og møter skodespelar Hadle Reisæter og regissør Jens Wergeland i samtale med Elise Winterthun.
     

    TORSDAG 12. OKTOBER / 18:00


     

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017