nils-%c3%98ivind haagensen%2c foto heidi furre
    Nils-Øivind Haagensen tilbake til Odda



    Nils-Øivind Haagensen er ein norsk forfattar, redaktør og forleggar. Han vart fødd i 1971 i Ålesund, og bur no i Oslo. Han har hovudfag i litteraturvitskap.

    Haagensen debuterte med diktsamlinga Hender og hukommelse (1998), og har sidan gitt ut ei rekkje diktbøker, romanar og reisebøker.

    Samlingane 23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring (2002), Enkelte dikt (2003) og Nils-Øivind Haagensen skriver (2005) vart i 2005 gitt ut i dikttrilogien Adressebøkene. Diktsamlinga Haruki og jeg (2010) er ein tenkt dialog mellom Haagensen og den japanske forfatteren Haruki Murakami. For diktsamlinga God morgen og god natt (2012) vart Haagensen nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han har og gitt ut to romanar: Det radioaktige (2001) og Liten (2013). Haagensen fekk i 2004 SULT-prisen for sitt forfatterskap.

    I 2008 starta Haagensen og Bendik Wold opp Flamme Forlag. Dei to skribentane er forlagssjefar og redaktørar. I januar 2009 ga Wold og Haagensen ut essaysamlingen Brenn ned skiten, som eit politisk-litterært manifest. Flamme Forlag har i 6 år berika den norske bokverda, med sine pamfletter, boksinglar, kortromanar, essays og andre bøker. 

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017