bj%c3%b8rn sundquist her er harold
    FILM: Her er Harold



    Litteratursymposiet byr i år på ein før-premiere på Gunnar Vikene sin nye film Her er Harold, som er basert på del 2 i Frode Gryttens bok Saganatt.

    Her er Harold er ein fandenivoldsk roadmovie og flatpakka komedie med Bjørn Sundquist i hovudrolla som den fallerte møbelhandlaren Harold Lunde, som køyrer til Almhult i Sverige for å kidnappe IKEA-gründer Ingvar Kamprad.

    Harold har, saman med kona Marny, drive "Lunde møbler" med suksess i over førti år. Men så opnar IKEA eit nytt gigantisk kjøpesenter vegg i vegg med den vesle møbelbutikken. Harold og Marny går konkurs og mistar både butikk og heim. Det er snart jul og Harold har tapt nesten alt som betyr noko for han. Med stigande frustrasjon og i sinne bestemmer han seg for å ta hemn: Harold skal kidnappa sin nemisis.

    I sin gamle Saab tar han turen mot Sverige. Den første han møter der er Ebba, ei einsam 16 år gammal jente som har rømt heimafrå. Ho synast at kidnappinga er ein str��lande idé. Det odde paret klarer trass alle odds å bortføre Ingvar Kamprad. Dessverre for dei er Kamprad ganske så nøgd med å bli kidnappa. Han ser det heile som ein god anledning til å promotera seg sjølv og IKEA…

    I forkant av filmen blir det På scenekanten-prat med forfattar Grytten, regissør Vikene og skodespelar Sundquist.

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016